23 og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta og gjer godt mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet.
24 Du har halde den lovnaden du gav din tenar David, far min. Med di hand har du oppfylt det du lova med din munn, som det viser seg i dag.
25 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav din tenar David, far min, då du sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt andlet, så sant sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet slik som du har gjort.»
26 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til din tenar David, far min!
27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd!
28 Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet!
29 Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!