38 og så ein eller annan eller heile folket ditt, Israel, ber fram bøner og rop om nåde fordi dei kjenner at det stikk dei i hjartet, og breier ut hendene sine mot dette huset,
39 då må du høyra det i himmelen der du tronar. Tilgjev, grip inn og gjev kvar og ein att etter framferda hans, du som kjenner hjartet hans. For du er den einaste som kjenner hjartet i kvart menneske!
40 Så skal dei frykta deg alle dei dagane dei lever i landet du gav fedrane våre.
41 Det kan òg henda at framande som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld.
42 For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din utstrekte arm. Når dei så kjem og bed, vende mot dette huset,
43 då må du høyra dei i himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og sanna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.
44 Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt,