45 då må du i himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.
46 Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap, til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær.
47 Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei blir haldne i fangenskap, og vender om og bed til deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda, bore oss ille åt og gjort urett.»
48 Om dei då vender om til deg av heile sitt hjarte og heile sin hug der i fiendeland, hos dei som tok dei til fange, og bed til deg vende mot det landet du gav fedrane deira, mot byen som du har valt ut, og mot huset som eg har bygd for namnet ditt,
49 då må du i himmelen der du tronar, høyra bønene deira og ropa deira om nåde og hjelpa dei til deira rett.
50 Tilgjev folket ditt alle brota og syndene dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hos dei som held dei i fangenskap, så dei miskunnar seg over dei.
51 For dei er ditt folk og din eigedom, som du førte ut frå Egypt, midt ut av smelteomnen.