53 For du, Herre Gud, har skilt dei ut som din eigedom frå alle folkeslag på jorda, slik du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut frå Egypt.
54 Då Salomo hadde enda heile denne bøna til Herren om nåde, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen.
55 Ståande velsigna han heile Israels forsamling med høg røyst og sa:
56 Velsigna er Herren som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda.
57 Måtte Herren vår Gud vera med oss slik han var med fedrane våre! Måtte han ikkje forlata oss og ikkje støyta oss frå seg,
58 men bøya hjartet vårt til seg, så vi går på vegane hans og held dei boda, forskriftene og lovene som han la på fedrane våre.
59 Måtte desse orda mine som eg har bede for Herrens andlet, vera nær Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten dei treng dag for dag.