58 men bøya hjartet vårt til seg, så vi går på vegane hans og held dei boda, forskriftene og lovene som han la på fedrane våre.
59 Måtte desse orda mine som eg har bede for Herrens andlet, vera nær Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten dei treng dag for dag.
60 Då skal alle folk på jorda sanna at Herren er Gud, han og ingen annan.
61 Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de følgjer forskriftene hans og held boda, som de gjer i dag.
62 Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren.
63 Og Salomo bar fram fredsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Slik vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus.
64 Same dagen helga kongen den midtre delen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens andlet, var for lite til å rømma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet.