8 Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå Det heilage framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag.
9 I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut frå Egypt.
10 Då prestane gjekk ut av heilagdomen, fylte skya Herrens hus.
11 Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte tempelet.
12 Då sa Salomo: Herren har sagtat han vil bu i ei mørk sky.
13 Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,ein stad der du kan bu i all tid.
14 Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod.