11 gav han Hiram, kongen i Tyros, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ønskte seg.
12 Men då Hiram kom frå Tyros for å sjå på dei byane som Salomo hadde gjeve han, lika han dei ikkje.
13 Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, min bror?» Han kalla dei Kabul-landet, og det heiter det den dag i dag.
14 Men Hiram sende kongen hundre og tjue talentar gull.
15 Slik hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, like eins Hasor, Megiddo og Geser:
16 Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han sette byen i brann og drap alle kanaanearane som budde der. Sidan gav han byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo.
17 Salomo bygde opp att Geser og Nedre Bet-Horon,