14 Men Hiram sende kongen hundre og tjue talentar gull.
15 Slik hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, like eins Hasor, Megiddo og Geser:
16 Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han sette byen i brann og drap alle kanaanearane som budde der. Sidan gav han byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo.
17 Salomo bygde opp att Geser og Nedre Bet-Horon,
18 Baalat og Tamar i øydemarka der i landet,
19 og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Salomo bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.
20 Framleis var det att i landet amorittar, hetittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde til Israelsfolket.