25 Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og fredsoffer på det altaret han hadde bygd for Herren, og han brende røykjelse for Herrens andlet. Slik vart tempelet ferdig.
26 Kong Salomo bygde ein flåte i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, i Edom-landet ved kysten av Sivsjøen.
27 På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene til Salomo.
28 Dei drog til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei førte til kong Salomo.