9 Og då skal folk svara: «Det er fordi dei forlét Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut frå Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka. Difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»
10 Då dei tjue åra var gått som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, Herrens hus og kongeborga,
11 gav han Hiram, kongen i Tyros, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ønskte seg.
12 Men då Hiram kom frå Tyros for å sjå på dei byane som Salomo hadde gjeve han, lika han dei ikkje.
13 Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, min bror?» Han kalla dei Kabul-landet, og det heiter det den dag i dag.
14 Men Hiram sende kongen hundre og tjue talentar gull.
15 Slik hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, like eins Hasor, Megiddo og Geser: