1 I Ramatajim-Sufim i Efraim-fjella budde ein mann som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu, son til Tohu, son til Suf frå Efraim-stammen.
2 Elkana hadde to koner. Den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus.
3 År etter år drog denne mannen opp frå heimbyen sin til Sjilo for å be og ofra til Herren over hærskarane. Der var dei to sønene til Eli, Hofni og Pinhas, prestar for Herren.
4 Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvart sitt stykke av offerkjøtet,
5 men Hanna fekk dobbelt så mykje. For det var Hanna han elska, endå Herren hadde lukka morslivet hennar.
6 Men medkona krenkte og terga henne støtt og ville gjera henne motlaus fordi Herren hadde lukka morslivet hennar.
7 Slik gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Då gret ho og ville ikkje eta.