13 For Hanna bad stilt, i hjartet sitt. Berre leppene hennar rørte seg, røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var full,
14 og han sa til henne: «Kor lenge vil du visa deg full? Sjå til å få rusen av deg!»
15 «Nei, herre», svara Hanna, «eg er ei kvinne som ber på ei tung sorg. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke. Men eg har tømt hjartet mitt for Herrens andlet.
16 Hald ikkje tenestekvinna di for ei dårleg kvinne! For heile tida tala eg ut av mi store sorg og naud.»
17 Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.»
18 Hanna svara: «Måtte du sjå med velvilje på tenestekvinna di!» Så gjekk ho sin veg, åt og var ikkje lenger så sorgfull.
19 Morgonen etter stod dei tidleg opp og tilbad Herren. Så gav dei seg på heimveg og kom til Rama. Og då Elkana igjen var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug.