23 «Gjer som du tykkjer best», svara mannen hennar, Elkana. «Ver heime til du har vant han av! Måtte Herren setja sitt ord i verk!» Så heldt kvinna seg heime og amma sonen til han var avvand.
24 Då ho hadde vant han av, tok ho han med opp til Herrens hus i Sjilo. Ho hadde med seg ein treårsgammal okse, ein efa mjøl og ein skinnsekk med vin. Guten {{var med dei, og dei førte han fram for Herren. Og far hans slakta slaktofferet, slik han gjorde kvart år for Herren.
25 Han førte fram}} guten og slakta oksen. Hanna, mor hans, kom fram for Eli med guten.
26 «Tru meg, herre!» sa ho. «Så sant du lever, herre, eg er den kvinna som stod her hos deg og bad til Herren.
27 Denne guten var det eg bad om, og Herren har gjeve meg det eg bad om.
28 No gjev eg han tilbake til Herren for heile hans levetid. Han skal høyra til Herren.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der.