4 Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvart sitt stykke av offerkjøtet,
5 men Hanna fekk dobbelt så mykje. For det var Hanna han elska, endå Herren hadde lukka morslivet hennar.
6 Men medkona krenkte og terga henne støtt og ville gjera henne motlaus fordi Herren hadde lukka morslivet hennar.
7 Slik gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Då gret ho og ville ikkje eta.
8 Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er hjartet ditt så fullt av sorg? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»
9 Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens andlet. Presten Eli satt på stolen sin ved dørstolpen til Herrens tempel.
10 I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt.