6 Men medkona krenkte og terga henne støtt og ville gjera henne motlaus fordi Herren hadde lukka morslivet hennar.
7 Slik gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Då gret ho og ville ikkje eta.
8 Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er hjartet ditt så fullt av sorg? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»
9 Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens andlet. Presten Eli satt på stolen sin ved dørstolpen til Herrens tempel.
10 I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt.
11 Ho gav ein lovnad og sa: «Herre over hærskarane! Sjå til di tenestekvinne i hennar naud. Kom meg i hug og gløym ikkje tenestekvinna di, men lat meg få ein son. Så vil eg gje han til Herren for heile hans levetid, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.»
12 Slik bad Hanna lenge for Herrens andlet, og Eli følgde munnen hennar med auga.