1 Samuel tok ei oljekrukke og helte oljen ut over hovudet til Saul. Han kyste Saul og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin.
2 Når du går frå meg i dag, møter du to menn ved Rakels grav i Selsah i Benjamin-landet. Dei seier til deg: Eselhoppene som du drog ut for å leita etter, er komne til rette. Far din tenkjer ikkje på dei lenger, men er redd for dykk og seier: Kva skal eg gjera for son min?
3 Når du går vidare derifrå og kjem til Tabor-eika, møter du tre menn som er på veg opp til Betel for å tilbe Gud. Den eine ber tre kje, den andre tre runde brød og den tredje ein skinnsekk med vin.
4 Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot.
5 Så kjem du til Guds Gibea, der filistrane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, treffer du ein flokk profetar som kjem ned frå offerhaugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei gripne av profetisk glød.
6 Då kjem Herrens ande over deg så du òg kjem i profetisk glød saman med dei og blir eit anna menneske.