11 Alle som kjende han, såg at han tala profetisk saman med profetane. Dei sa til kvarandre: «Kva har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?»
12 Ein mann derifrå sa: «Kven er då far deira?» Slik er det vorte eit ordtak: «Er Saul òg mellom profetane?»
13 Då den profetiske gløden var over og Saul kom til offerhaugen,
14 sa onkelen hans til han og tenesteguten hans: «Kvar har de vore?» «På leiting etter eselhoppene», svara han, «og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.»
15 Då sa onkelen: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.»
16 «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rette», svara Saul. Men det som Samuel hadde sagt om kongsmakta, fortalde han ikkje til onkelen.
17 Sidan kalla Samuel folket saman til Herren i Mispa.