16 «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rette», svara Saul. Men det som Samuel hadde sagt om kongsmakta, fortalde han ikkje til onkelen.
17 Sidan kalla Samuel folket saman til Herren i Mispa.
18 Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå handa til egyptarane og frå alle dei andre rika som undertrykte dykk.
19 Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og de har sagt: Nei, set ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens andlet, stamme for stamme og slekt for slekt!»
20 Samuel lét alle Israels stammar stiga fram, og loddet fall på Benjamin-stammen.
21 Så lét han Benjamin-stammen koma fram, slekt for slekt, og loddet fall på Matri-greina. Deretter fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.
22 Då spurde dei Herren ein gong til: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg blant krigsutstyret.»