20 Samuel lét alle Israels stammar stiga fram, og loddet fall på Benjamin-stammen.
21 Så lét han Benjamin-stammen koma fram, slekt for slekt, og loddet fall på Matri-greina. Deretter fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.
22 Då spurde dei Herren ein gong til: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg blant krigsutstyret.»
23 Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre.
24 Og Samuel sa til folket: «Her ser de han som Herren har valt ut! Det finst ikkje hans like i heile folket.» Og heile folket sette i eit hyllingsrop: «Leve kongen!»
25 Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok som han la ned for Herrens andlet. Sidan sende han folket heim, kvar til sitt.
26 Saul drog òg heim til Gibea, og med han følgde det nokre djerve menn. Gud hadde rørt ved hjartet deira.