4 Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot.
5 Så kjem du til Guds Gibea, der filistrane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, treffer du ein flokk profetar som kjem ned frå offerhaugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei gripne av profetisk glød.
6 Då kjem Herrens ande over deg så du òg kjem i profetisk glød saman med dei og blir eit anna menneske.
7 Når du ser desse teikna, så gjer det du maktar! For Gud er med deg.
8 Gå føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og ofra brennoffer og fredsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier deg kva du skal gjera.»
9 Då Saul snudde seg for å gå frå Samuel, gav Gud han eit anna hjarte. Og same dagen hende alle desse teikna.
10 Han kom til Gibea, der han møtte ein flokk profetar. Då kom Guds ande over han, og han vart gripen av profetisk glød saman med dei.