3 Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»
4 Då sendeboda kom til Sauls Gibea, bar dei ærendet sitt fram for folket, og heile folket brast i gråt.
5 I same stunda kom Saul frå åkeren med oksane sine, og han spurde: «Kva er i vegen med folket sidan dei græt?» Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt.
6 Då Saul høyrde det, kom Guds ande over han, og han vart brennande harm.
7 Han tok eit spann oksar og skar dei opp i stykke som han sende rundt i heile Israel med denne bodskapen: «Slik skal det gjerast med oksane til den som ikkje dreg ut med Saul og Samuel.» Då kom ei redsle for Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein.
8 Saul mønstra dei i Besek; det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.
9 Dei sa til bodberarane som var komne: «Sei til mennene i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å brenna heitt, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og melde dette til mennene i Jabesj, vart dei glade.