6 Då Saul høyrde det, kom Guds ande over han, og han vart brennande harm.
7 Han tok eit spann oksar og skar dei opp i stykke som han sende rundt i heile Israel med denne bodskapen: «Slik skal det gjerast med oksane til den som ikkje dreg ut med Saul og Samuel.» Då kom ei redsle for Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein.
8 Saul mønstra dei i Besek; det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.
9 Dei sa til bodberarane som var komne: «Sei til mennene i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å brenna heitt, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og melde dette til mennene i Jabesj, vart dei glade.
10 Dei sa: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de finn for godt.»
11 Dagen etter delte Saul folket i tre avdelingar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren. Då dagen var på det heitaste, hadde dei slege ammonittane. Dei som overlevde, vart spreidde. Det var ikkje att to mann på same staden.
12 Folket sa til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Lat oss få tak i dei mennene og drepa dei!»