1 Samuel sa til heile Israel: «Eg har høyrt på alt de har sagt til meg, og eg har sett ein konge over dykk.
2 Frå no av er det kongen som skal leia dykk. Eg er gammal og grå, og sønene mine er mellom dykk. Frå eg var ung og til denne dag har eg vore leiaren dykkar.
3 Her står eg. Før no klagemål mot meg framfor Herren og den han har salva! Er det nokon eg har teke ein okse frå? Er det nokon eg har teke eit esel frå? Er det nokon eg har undertrykt? Er det nokon eg har mishandla? Er det nokon eg har teke imot stikkpengar frå – og så late att auga for uretten? Om så er, vil eg gje det tilbake.»
4 Dei svara: «Du har korkje undertrykt oss eller mishandla oss eller teke imot noko frå nokon.»
5 Då sa han til dei: «I dag er Herren og den han har salva, vitne på at de ikkje har funne noka skuld hos meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.»