13 Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. No har Herren sett ein konge over dykk.
14 Om de fryktar Herren, tener og lyder han og ikkje set dykk opp mot hans ord, men følgjer Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.
15 Men vil de ikkje lyda Herrens røyst, men set dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand ramma dykk som ho ramma fedrane dykkar.
16 Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for auga på dykk!
17 Er det ikkje no tid for kveitehausten? Eg vil ropa til Herren, og han skal senda torevêr og regn. Då skal de skjøna og sjå at det i Herrens auge var ei stor synd de gjorde då de kravde ein konge.
18 Samuel ropa til Herren, og han sende torevêr og regn den dagen. Då vart folket gripe av stor frykt for Herren og for Samuel,
19 og dei sa til Samuel: «Bed til Herren din Gud at vi, tenarane dine, ikkje må døy. For vi la endå ei vond gjerning til alle syndene våre då vi kravde ein konge.»