5 Då sa han til dei: «I dag er Herren og den han har salva, vitne på at de ikkje har funne noka skuld hos meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.»
6 Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som handla gjennom Moses og Aron, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt.
7 Kom no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens andlet og fortelja om alle Herrens rettferdige gjerningar mot dykk og fedrane dykkar.
8 Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut frå Egypt og lét dei få bu på denne staden.
9 Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei i hendene på Sisera, hærføraren i Hasor, og i hendene på filistrane og kongen i Moab. Alle desse gjekk til krig mot dei.
10 Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda, for vi har gått bort frå Herren og dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta. Men fri oss no ut av hendene på fiendane våre, så skal vi tena deg.»
11 Så sende Herren Jerubbaal og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane rundt omkring, så de kunne bu trygt.