8 Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut frå Egypt og lét dei få bu på denne staden.
9 Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei i hendene på Sisera, hærføraren i Hasor, og i hendene på filistrane og kongen i Moab. Alle desse gjekk til krig mot dei.
10 Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda, for vi har gått bort frå Herren og dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta. Men fri oss no ut av hendene på fiendane våre, så skal vi tena deg.»
11 Så sende Herren Jerubbaal og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane rundt omkring, så de kunne bu trygt.
12 Men då de såg at Nahasj, kongen over ammonittane, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.
13 Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. No har Herren sett ein konge over dykk.
14 Om de fryktar Herren, tener og lyder han og ikkje set dykk opp mot hans ord, men følgjer Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.