12 Då tenkte eg: No kjem filistrane ned til Gilgal og går til åtak på meg utan at eg har bede om velvilje for Herrens andlet. Difor våga eg meg til å bera fram brennofferet.»
13 Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider.
14 Men no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarte og kalla han til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde det Herren baud deg.»
15 Så gjorde Samuel seg ferdig; han tok ut frå Gilgal og fór opp til Gibea i Benjamin.Då Saul mønstra folket som hadde samla seg rundt han, var det om lag seks hundre mann.
16 Saul og Jonatan, son hans, låg ved Geba i Benjamins landområde med det folket som hadde samla seg rundt dei, og filistrane hadde slege leir ved Mikmas.
17 Frå filistarleiren drog det ut plyndrarar i tre avdelingar. Den første gjekk i retning Ofra i Sjual-området,
18 den andre i retning Bet-Horon og den tredje i retning grensa på høglandet over Sebo'im-dalen, mot ørkenen.