19 Den gongen fanst det ingen smed i heile Israel. For filistrane sa: «Hebrearane må ikkje få laga seg sverd og spyd sjølve!»
20 Difor laut kvar israelitt fara ned til filistrane når han skulle ha kvesst eit plogjern eller ei hakke, ei øks eller ein sigd.
21 Prisen var to tredjedels sjekel for plogjern og hakker, tretinda høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på stavar.
22 Slik hadde det seg at den dagen slaget stod, hadde ingen av dei som følgde Saul og Jonatan, sverd eller spyd. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen.
23 Forposten til filistrane rykte fram til passet ved Mikmas.