10 Men seier dei: Kom opp til oss! – så går vi opp, for då har Herren gjeve dei i våre hender. Det skal vera teiknet vårt.»
11 Då filistrane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or hòlene dei gøymde seg i.»
12 Mennene på forposten ropa til Jonatan og våpenberaren hans: «Kom opp til oss, så skal vi seia dykk noko.» Då sa Jonatan til våpenberaren: «Følg meg opp, for Herren har gjeve dei i Israels hender.»
13 Så kleiv Jonatan opp på hender og føter, og våpenberaren følgde. Filistrane fall då Jonatan slo til, og våpenberaren kom etter han og gav dei dødsstøyten.
14 I dette første åtaket frå Jonatan og våpenberaren hans felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag.
15 Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Til og med forposten og plyndrarane skalv av skrekk. Jorda riste, og ei redsle frå Gud kom over dei.
16 Frå Gibea i Benjamins landområde såg utkikkspostane til Saul at fiendehæren spreidde seg i alle retningar.