14 I dette første åtaket frå Jonatan og våpenberaren hans felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag.
15 Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Til og med forposten og plyndrarane skalv av skrekk. Jorda riste, og ei redsle frå Gud kom over dei.
16 Frå Gibea i Benjamins landområde såg utkikkspostane til Saul at fiendehæren spreidde seg i alle retningar.
17 Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som manglar.» Så heldt dei mønstring, og det viste seg at Jonatan og våpenberaren hans var borte.
18 Då sa Saul til Ahia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var på den tid hos israelittane.
19 Men medan Saul tala med presten, auka forvirringa i filistarleiren meir og meir. Saul sa då til presten: «Trekk handa di tilbake!»
20 Saul og alt folket samla seg og drog dit striden stod. Då fekk dei sjå at filistrane hadde vendt sverda mot kvarandre. Det rådde full forvirring.