3 Ahia bar efod-drakta. Han var son til Ahitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.
4 På kvar side av det skardet der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein bratt berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.
5 Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt imot Mikmas, den andre på sørsida, midt imot Geba.
6 Så sa Jonatan til våpenberaren sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Kan henda hjelper Herren oss. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»
7 Våpenberaren svara: «Gjer alt som ligg deg på hjartet. Gå berre på! Eg følgjer deg kvar du vil.»
8 Då sa Jonatan: «No går vi over til dei, så dei får auge på oss.
9 Om mennene då seier: Stå stille til vi kjem bort til dykk! – så blir vi ståande der vi er, og går ikkje opp til dei.