46 No gav Saul opp å forfølgja filistrane meir og drog oppover att, og filistrane drog heim til sitt.
47 Då Saul hadde sikra seg kongsmakt over Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistrane. Og kvar han enn vende seg, vann han siger.
48 Saul gjorde storverk. Han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra dei.
49 Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer. Den eldste heitte Merab og den yngste Mikal.
50 Kona til Saul heitte Ahinoam. Ho var dotter til Ahimaas. Hærføraren hans heitte Abner. Han var son til Ner, Sauls onkel.
51 Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner av Abiel.
52 Krigen mot filistrane var hard så lenge Saul levde. Kvar sterk og djerv mann Saul fekk auge på, tok han i si teneste.