1 Samuel sa til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Høyr no Herrens ord!
2 Så seier Herren over hærskarane: Eg krev amalekittane til rekneskap for det dei gjorde mot israelittane då dei drog opp frå Egypt. Dei sperra vegen for dei.
3 Dra no ut og slå amalekittane. Slå alt dei eig, med bann! Spar ingen. Drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!»
4 Så kalla Saul folket til våpen og mønstra dei i Tela'im. Det var to hundre tusen fotfolk forutan ti tusen judearar.
5 Då Saul kom til amalekitt-byen, la han seg i bakhald i det tørre elveleiet.
6 Til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de var gode mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.