15 «Det er nokre dyr dei har teke frå amalekittane», svara Saul. «Krigsfolket sparte det beste av småfeet og storfeet for å ofra det til Herren din Gud, men resten har vi bannlyst.»
16 Då sa Samuel til Saul: «Hald opp! Eg skal fortelja deg kva Herren har sagt til meg i natt.» «Sei det!» svara Saul.
17 Samuel sa: «Sjølv om du er liten i eigne auge, er du likevel overhovud for Israels stammar! Herren salva deg til konge over Israel.
18 Han sende deg i veg og sa: Gå og bannlys amalekittane, desse syndige, og kjemp mot dei til du har gjort ende på dei!
19 Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over byttet og gjorde det som var vondt i Herrens auge?»
20 Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og slo amalekittane med bann.
21 Men krigsfolket tok småfe og storfe av byttet, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»