22 Då sa Samuel:«Har Herren si glede i brennoffer og slaktofferlike mykje som i lydnad mot Herrens ord?Nei, å lyda er betre enn slaktoffer,å høyra etter er betre enn feitt av vêrar.
23 Trass er som spådomssynd,og stridlynde er som avgudsdyrking.Fordi du har vraka Herrens ord,har han vraka deg som konge.»
24 Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda, for eg har brote Herrens bod og dine ord. Eg var redd folket og gav etter for dei.
25 Men tilgjev no mi synd og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»
26 Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg. Du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»
27 Dermed snudde Samuel seg og ville gå. Men Saul greip tak i kanten på kappa hans, så ho rivna.
28 Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.