25 Men tilgjev no mi synd og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»
26 Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg. Du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»
27 Dermed snudde Samuel seg og ville gå. Men Saul greip tak i kanten på kappa hans, så ho rivna.
28 Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.
29 Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, ein som angrar.»
30 Saul svara: «Eg har synda. Men syn meg likevel den æra framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel. Ver med meg attende så eg kan tilbe Herren din Gud.»
31 Då følgde Samuel Saul attende, og Saul tilbad Herren.