27 Dermed snudde Samuel seg og ville gå. Men Saul greip tak i kanten på kappa hans, så ho rivna.
28 Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.
29 Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, ein som angrar.»
30 Saul svara: «Eg har synda. Men syn meg likevel den æra framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel. Ver med meg attende så eg kan tilbe Herren din Gud.»
31 Då følgde Samuel Saul attende, og Saul tilbad Herren.
32 Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg.» Skjelvande gjekk Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!»
33 Samuel svara:«Som sverdet ditt reiv borna bort frå mødrene,skal di mor bli barnlaus, meir enn andre kvinner.»Så hogg Samuel Agag ned for Herrens andlet i Gilgal.