5 Då Saul kom til amalekitt-byen, la han seg i bakhald i det tørre elveleiet.
6 Til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de var gode mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.
7 Saul slo amalekittane og forfølgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg like ved Egypt.
8 Han fanga amalekittkongen Agag levande. Han slo alt folket med bann og hogg dei ned med sverd.
9 Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Alt som var noko verdt, sparte dei og ville ikkje slå det med bann. Men alt som var verdlaust og ringt, bannlyste dei.
10 Då kom Herrens ord til Samuel:
11 «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge, for han har vendt seg bort frå meg og ikkje gjort som eg har sagt.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta.