10 Og filistaren heldt fram: «I dag har eg hånt Israels hær. Send hit ein mann, så skal vi kjempa mot kvarandre.»
11 Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, vart dei svært redde og mista motet.
12 David var son til Isai, som høyrde til Efrat-slekta frå Betlehem i Juda. Denne mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var Isai gammal og skral.
13 Dei tre eldste sønene hans hadde følgt Saul i krigen. Den eldste av desse tre sønene som hadde gått i krigen, heitte Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma.
14 David var den yngste. Dei tre eldste hadde følgt Saul.
15 Men David gjekk ofte heim att frå Saul for å gjeta småfeet til far sin i Betlehem.
16 Morgon og kveld kom filistaren fram. I førti dagar baud han seg fram til kamp.