17 Då sa Isai til David, son sin: «Ta med ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda og skund deg til brørne dine i leiren!
18 Og desse ti ostestykka skal du ha med til tusenmannsføraren. Finn ut korleis det står til med brørne dine, og få med deg eit teikn frå dei!
19 Dei og alle dei andre israelittane er hos Saul i Ela-dalen og fører krig mot filistrane.»
20 Morgonen etter stod David tidleg opp og overlét småfeet til ein gjetar. Så tok han det han skulle ha med, og gjekk i veg slik Isai hadde sagt han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og stilte seg opp, og krigsropet ljoma.
21 Både israelittane og filistrane stilte seg opp, front mot front.
22 David la sakene sine frå seg hos vaktaren som hadde tilsyn med krigsutstyret. Så sprang han bort til hæren, fann brørne sine og helsa på dei.
23 Medan han snakka med dei, steig tvikjemparen, filistaren Goliat frå Gat, fram frå rekkjene med filistrar. Han ropa dei same orda som tidlegare, og no høyrde David det òg.