19 Dei og alle dei andre israelittane er hos Saul i Ela-dalen og fører krig mot filistrane.»
20 Morgonen etter stod David tidleg opp og overlét småfeet til ein gjetar. Så tok han det han skulle ha med, og gjekk i veg slik Isai hadde sagt han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og stilte seg opp, og krigsropet ljoma.
21 Både israelittane og filistrane stilte seg opp, front mot front.
22 David la sakene sine frå seg hos vaktaren som hadde tilsyn med krigsutstyret. Så sprang han bort til hæren, fann brørne sine og helsa på dei.
23 Medan han snakka med dei, steig tvikjemparen, filistaren Goliat frå Gat, fram frå rekkjene med filistrar. Han ropa dei same orda som tidlegare, og no høyrde David det òg.
24 Alle israelittane flykta for Goliat straks dei fekk sjå han. Dei var svært redde.
25 Og dei sa seg imellom: «Ser de den karen som kjem fram der? Han kjem for å håna Israel. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og slekta hans skal vera friteken for skatt i Israel.»