21 Både israelittane og filistrane stilte seg opp, front mot front.
22 David la sakene sine frå seg hos vaktaren som hadde tilsyn med krigsutstyret. Så sprang han bort til hæren, fann brørne sine og helsa på dei.
23 Medan han snakka med dei, steig tvikjemparen, filistaren Goliat frå Gat, fram frå rekkjene med filistrar. Han ropa dei same orda som tidlegare, og no høyrde David det òg.
24 Alle israelittane flykta for Goliat straks dei fekk sjå han. Dei var svært redde.
25 Og dei sa seg imellom: «Ser de den karen som kjem fram der? Han kjem for å håna Israel. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og slekta hans skal vera friteken for skatt i Israel.»
26 David spurde dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren som vågar å håna hæren til den levande Gud?»
27 Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få som feller han.