29 «Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål!»
30 Så vende han seg frå bror sin og spurde ein annan om det same. Og folket gav han same svaret som første gongen.
31 Det spurdest snart kva David hadde sagt, og det vart kunngjort for Saul, som sende bod etter han.
32 David sa til Saul: «Ingen må mista motet! Tenaren din skal gå og kjempa med denne filistaren.»
33 Men Saul svara: «Du kan ikkje gå mot filistaren og kjempa med han; du er då berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrå ungdomen.»
34 Då sa David: «Tenaren din har gjett småfeet for far sin. Kom det då ei løve eller ein bjørn og tok eit fe frå flokken,
35 sprang eg etter udyret, slo det og reiv feet ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel.