35 sprang eg etter udyret, slo det og reiv feet ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel.
36 Både løve og bjørn har tenaren din felt, og det skal gå denne uomskorne filistaren som dei; for han har hånt den levande Guds hær.»
37 Og David la til: «Herren, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok òg berga meg frå denne filistaren.» Då sa Saul til David: «Gå, måtte Herren vera med deg.»
38 Så lét han David få sine eigne klede, sette ein bronsehjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynje.
39 David batt sverdet til Saul utanpå kleda og prøvde å gå, men til fånyttes. For han hadde aldri prøvd det før. «Eg greier ikkje å gå med dette på meg», sa han til Saul, «eg er ikkje van med det.» Så la han det av seg
40 og tok heller staven sin i handa, valde seg ut fem glatte steinar frå elvefaret og la dei i gjetartaska som han bar over aksla. Slyngja hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.
41 Imedan kom filistaren nærare og nærare David, og skjoldberaren gjekk føre han.