40 og tok heller staven sin i handa, valde seg ut fem glatte steinar frå elvefaret og la dei i gjetartaska som han bar over aksla. Slyngja hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.
41 Imedan kom filistaren nærare og nærare David, og skjoldberaren gjekk føre han.
42 Då filistaren såg fram for seg og fekk auge på David, fnyste han forakteleg av han. For David var berre ungguten, raudleitt og vakker å sjå til.
43 «Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved gudane sine.
44 «Kom hit til meg», sa han, «så skal eg gje kjøtet ditt til fuglane under himmelen og dyra på marka.»
45 David svara: «Du kjem mot meg med sverd, spyd og sabel, men eg kjem mot deg i namnet til Herren over hærskarane, han som er Gud for Israels hær, han som du har hånt.
46 I dag vil Herren gje deg i mi hand. Eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og til villdyra på jorda. Så skal heile jorda skjøna at Israel har ein Gud.