48 Då filistaren tok til å gå bort imot David att, sprang David brått fram føre hæren for å møta han.
49 Han stakk handa ned i veska og tok opp ein stein. Den kasta han med slyngja så han råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda.
50 Slik vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa.
51 David sprang bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han.Då filistrane såg at kjempa deira var død, flykta dei.
52 Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfølgde dei til Gat og til portane i Ekron. Det låg falne filistrar langs vegen frå Sjaarajim heilt til Gat og Ekron.
53 Då forfølgde ikkje israelittane filistrane lenger, men drog tilbake og plyndra leiren deira.
54 David tok hovudet til filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt.