5 På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse. Ho vog fem tusen sjekel.
6 På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han ein sabel av bronse.
7 Skaftet på spydet hans var tjukt som ein vevbom, og spydspissen var av jern og vog seks hundre sjekel. Skjoldberaren gjekk føre han.
8 Goliat stilte seg opp og ropa til Israels-hæren: «Kvifor dreg de ut og gjer dykk klare til strid? Er ikkje eg ein filistar og de Sauls tenarar? Vel ut ein mann og send han ned til meg!
9 Kan han kjempa med meg og fella meg, skal vi vera slavane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre slavar og tena oss.»
10 Og filistaren heldt fram: «I dag har eg hånt Israels hær. Send hit ein mann, så skal vi kjempa mot kvarandre.»
11 Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, vart dei svært redde og mista motet.