54 David tok hovudet til filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt.
55 Då Saul såg David gå fram mot filistaren, sa han til Abner, hærføraren sin: «Abner, kven er den ungguten son til?» Abner svara: «Så sant du lever, konge, det veit eg ikkje.»
56 Kongen sa: «Finn ut kven den ungguten er son til.»
57 Då David kom att etter at han hadde felt filistaren, tok Abner han og førte han fram for Saul. Han heldt endå hovudet til filistaren i handa.
58 Og Saul spurde: «Kven er du son til, unge mann?» David svara: «Eg er son til din tenar Isai i Betlehem.»