11 Han kasta spydet mot David og tenkte: «No spiddar eg han til veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger.
12 Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå.
13 Difor sende Saul han frå seg og sette han til førar for tusen mann. David førte hæren ut i kamp og heim att.
14 David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre, for Herren var med han.
15 Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå meir redd han.
16 Men heile Israel og Juda elska David, for det var han som førte dei ut i kamp og heim att.
17 Ein dag sa Saul til David: «Her er Merab, eldste dotter mi. Henne gjev eg deg til kone. Syn meg til gjengjeld at du er ein djerv mann og fører Herrens krigar.» For Saul sa til seg sjølv: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistrane gjera.»