16 Men heile Israel og Juda elska David, for det var han som førte dei ut i kamp og heim att.
17 Ein dag sa Saul til David: «Her er Merab, eldste dotter mi. Henne gjev eg deg til kone. Syn meg til gjengjeld at du er ein djerv mann og fører Herrens krigar.» For Saul sa til seg sjølv: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistrane gjera.»
18 David svara Saul: «Kven er vel eg i Israel, og kva er vel mi slekt og familien til far min, sidan eg skal bli svigerson til kongen?»
19 Men på den tida då David skulle få Merab, dotter til Saul, vart ho gift bort til Adriel frå Mehola.
20 Men Mikal, dotter til Saul, hadde vorte glad i David. Då Saul fekk vita det, tykte han godt om det.
21 «Han skal få henne», tenkte Saul. «Ho skal bli ei snare for han så han kjem i filistarvald.» Difor sa Saul til David for andre gong: «Du skal bli svigerson min.»
22 Så sa Saul til mennene sine: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No kan du bli svigerson til kongen.»